NORSK RÅDSMEDLEM: Arne Nergård (t. h.) er rådsmedlem i Sdrot Media Center og var vert for Noam Bedein under besøket i Noreg. Foto: Tore Hjarlmar Sævik

Rakrettregnet over Sderot har ikkje stoppa etter at Israels militæraksjon i Gaza vart avslutta i januar. Sderot Media Center prøver å formidle korleis innbyggjarane opplever situasjonen.

Dagleg leiar Noam Bedein møter DagenMagazinet etter ein ti dagar lang turnè i Noreg der han har fortalt om utfordringane i byen sørvest i Israel. Meir enn 8.000 rakettar har vorte sende mot Sderot frå Gaza sidan Israel trekte seg ut av området i 2005.

Dagleg trugsmål

Sderot Media Center (SMC) er den einaste organisasjonen som arbeider for å formidle alternative nyheiter frå denne delen av Israel, opplyser Bedein. Drifta er basert på gåver frå privatpersonar, stort sett i utlandet.
– Målet vårt er å gjere verda klar over det som føregår. Ingen andre byar har vorte utsett for det Sderot har vorte utsett for. Det har vorte bomberomshovudstaden i verda, seier Bedein.
Han synest mange i Vesten reagerer urovekkjande lite på dette.

Vil ikkje lytte

No prøver SMC å ta i bruk nye verkemiddel for å nå ut til menneske. Mellom anna har dei sett i gong eit teaterprosjekt for tenåringsjenter. Desse får høve til å formidle traumane sine for landsmenn, og på sikt er målet å gjere det også i utlandet. SMC har også fått høve til å presentere den israelske versjonen av Gaza-konflikten for FN.
Bedein opplever at det ofte er ei stor utfordring å få forståing for situasjonen i Sderot frå menneske som ser dei store humanitære lidingane og materielle øydeleggingane i Gaza.
– Det er vanskeleg å få slike til å lytte, seier han.
SMC-leiaren meiner desse menneska har vorte utsette for ubalansert mediedekking og overser dei grunnleggjande problema som ligg til grunn for konflikten. Dessutan synest han mange undervurderer kva trugsmål Hamas og deira allierte er, både for Israel og andre land.

Ventar nye åtak

Bedein seier utfordringane i Sderot veks dag for dag. Han opplyser at det har landa 282 rakettar i Sdrot etter at den israelske militæraksjonen i Gaza vart avslutta 18. januar.
– Det er ikkje eit spørsmål om Israel må gå inn i Gaza igjen, men når, seier han.
Han påpeikar at Hamas får tilgang på missilar frå Iran som kan nå stadig lenger inn i Israel.
– Kvifor blir folk verande i Sderot?
– Mange høyrer til arbeidarklassen og lågare samfunnslag, og bustadprisane har falle med 50 prosent. Det gjer at mange ikkje har råd til å flytte eller ikkje får selt husa sine. For det andre veit vi at rakettskytinga vil halde fram, og då vil rakettane følgje etter innover i Israel. Sderot har vorte eit symbol og ei frontline for Israel, seier Noam Bedein.

(14.12.2009 kl. 05:01)

NORSK R

1 COMMENT

Leave a Reply to Adex Cancel reply

Please enter your comment!
Please enter your name here